Innføring i fransk litteratur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FRAN122
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Fransk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til den kulturelle konteksten deira
- har kunnskap om hovudlinene i fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram til vår tid
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjera greie for tematiske aspekt ved pensumtekstane på fransk
- kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransk litteraturhistorie
- kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
Generell kompetanse
Studenten
- har eit godt grunnlag for å utvikla vidare si ne kunnskapar om og forståing av franske litterære tekster og deira kulturhistoriske kontekst, også i samband med andre språks litteraturer.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Emnet går første gang våren 2019
Undervisningsstad
Bergen
Dette emnet finst òg som reint nettstudium (FRAN622)
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Om lag 3 timar undervisning per veke i 10 veker. Det kan òg bli noko fellesundervisning på nett saman med FRAN622.
Undervisninga kan bli gitt i form av førelesingar eller seminar. Studentane får tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med til dømes introduksjonsvideoar /videoførelesningar, notat, oppgåver og diskusjonsforum. Diskusjonsforumet kan bli felles med nettkurset FRAN622.
Undervisninga føreset at studentane har arbeidd aktivt med førebuingsmaterialet og pensumtekstane i forkant. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske framføringa. I tillegg til den ordinære undervisninga er det tilbod om filmframsyning.
Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga (også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.
Det er tre obligatoriske oppgåver på emnet (opparbeiding av en utvalgliste, munnleg framføring, språkleg arbeid). Studentane førebur seg under rettleiing av faglærar. Alle tre oppgåvene skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
a) Tekstpensum
Pensumet inneheld eit utval stutte tekstar i ulike sjangre og frå ulike periodar av fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.
I litteraturlista ligg det opplysningar om kva tekstar som til eikvar tid er pensum.
b) Litteraturhistorie
Studenten les fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 21. hundreåret. Ein lyt òg skaffa seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagde opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.