Språk på tvers av modalitetar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset introduserer lingvistisk analyse av multimodalitet i språk i interaksjon, frå fonetikk til diskurs. Fokus ligg på kommunikasjonsmåtar som er ein del av det semiotiske repertoaret, men ofte har blitt forsømt innan språkvitskapeleg forsking, f.eks. prosodi, gestar og visuell kommunikasjon. Gjennom å samanlikne språk så vel innan som mellom modalitetar kan vi forstå det språklege mangfaldet betre. Kurset har som mål å introdusere metodar for analyse av multimodale data, f.eks. metodar og verktøy for opptak og transkripsjon av talespråklege og teiknspråklege samtaler.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan:

  • gjengi viktige termar og konsept innan multimodal forsking;
  • gjengi og diskutere rolla til multimodalitet i språk og kommunikasjon;
  • forklare rolla til multimodalitet samanlikna med lingvistisk teoribygging.

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • applisere metodar og verktøy på multimodal forsking om språk.

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • kritisk vurdere korleis språkvitskapleg forsking forklarer multimodalitet;
  • kommunisere problem, analysar og funn innan multimodal forsking.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
Bachelorgrad innan språkvitskap, språk eller kommunikasjon.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på master- eller PhD-nivå ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og praktiske øvingar, omlag 24 timar pr. semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt møte med rettleiar, som skal ha fått lese utkast til oppgåva i forkant.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Individuelt prosjekt som inneheld ein multimodal analyse av språk med hjelp av verktøy og metodar introdusert i kurset, innlevert som semesteroppgåve på ca. 3000 ord (litteraturliste, vedlegg osv. ikkje medrekna) saman med data og annotasjonsfiler.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Pensum består av litteratur innan multimodal forsking, om lag 400 sider. Materialet inkluderer innføringar til metodar og dokumentasjon av verktøy og programvare.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Det er tillate å bruke materiale frå litteraturlista, biblioteksressursar, og referansar og verktøy angitte av læraren. All litteratur, data og andre hjelpemiddel som blir brukt, må bli sitert.
Programansvarleg
Programstyret for lingvistikk
Emneansvarleg
Programstyret for språkvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium